Kom deg ut-dagen 3. februar

Foto: Terje Rømyr

Harstad Turlag inviterer til den årlige, vinterlige Kom deg ut - dagen søndag 3. februar. Dette er til ein gratis, lågterskel friluftsdag i området rundt Krafthallen, Maistua og Heia.

Kom deg ut – dagen er eit tradisjonsrikt arrangement i DNT og søndag 3. februar er det klart for vinterutgåva. På èin og samme dag vert det arrangert 175 arrangement over heile landet. Totalt er det venta 42 000 små og store deltakarar.

- Kom deg ut dagen er ein introduksjonsdag til friluftslivet, og det krevst ingen forkunnskap for å vera med. Om du er van med å vera i naturen eller ikkje; me lagar til enkle og kjekke aktivitetar for alle. Alt er gratis, du treng berre å ta med deg varme klede og gode sko, seier styreleder Nils Erik Bakke. Velkommen på vårt arrangement! - sier Nils Erik.

Mykje å læra for friluftsferskingar

Tanken bak Kom deg ut - dagen ligg i ordet. Det vert invitert til utedag med varierte tilbod som ski og aking, natursti, bålkos, konkurransar, turar og mykje meir. Totalt vert dagen arrangert 175 stader over heile landet, noko som er heile 25 meir enn i jubileumsåret 2018. Fleire steder kan ein òg låna utstyr gratis.

- Noko av det som er så kjekt med denne dagen, er variasjonen blant dei som kjem. Her ser me store og små familiar, besteforeldre, tanter, onklar og venepar. Ein vert del av eit felleskap denne dagen, og for borna er det stor sjanse for å finne ein ny leikekamerat eller to. Me ynskjer spesielt friluftsferskingar velkomne med denne dagen, her kan ein læra mykje! seier styreleder Nils Erik Bakke.

For spørsmål og intervjuførespurnader, ta kontakt med Hanne Marit Kvitting ( 912 42 021) eller Gunn Elin Fedreheim (928 56 500).